TittelEmpati for den tvangsinnlagte pasienten
PublikasjonstypeMasteroppgaver
År for utgivelse2019
ForfattereHassan, AAhmed
Date Published06/2019
InstitusjonHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Institutt for helse – og omsorgsvitenskap
ByFørde
Type of WorkBachelor Thesis
NøkkelordForebygging, Psykiatri, Sykepleie, tvang
Sammendrag

Bakgrunn: I praksis på ei akutt psykiatrisk avdeling i fjor haust opplevde eg at tvangsmidlar ofte vart tatt i bruk. Pasientane uttrykte at dei såg på dette som integritetskrenkande og uverdig. Gjennom tre år på sjukepleiestudie lærte eg derimot at pasienten har rett på få ei autonom avgjerd respektert. Tvang strir med dette. Vi har dessutan lært at grunnlaget for all sjukepleie skal vere respekten for det enkelte menneske sitt liv og verdigheit, samt baserast på respekten for grunnleggande menneskerettar. Problemstilling :Korleis kan sjukepleiarar bidra til å førebygge bruk av tvangsmidlar i ei akutt psykiatrisk avdeling? Metode: Dette er ei litteraturstudie, der eg har gått gjennom relevant forsking og litteratur for å belyse problemstillinga. Oppsummering: Litteraturstudia trekker fram korleis haldningar blant sjukepleiarar kan påverke bruken av tvangsmidlar, Safewards-modellen som ein konflikt –og tvangsførebyggande metode, samt korleis New public Management utfordrar sentrale sjukepleieverdiar som er avgjerande for å førebygge bruken av tvang. Både forsking og litteratur visar at sjukepleiarar spelar ei stor rolle i avgjerdsla om å bruke tvangsmidlar. Difor spelar haldningane deira til bruken av tvang ei stor rolle. Ved å påverke desse kan ein redusere bruken av tvangsmidlar. Vidare viser forsking at intervensjonane i Safewardsmodellen er viktige for å redusere tvangsbruken. Innføring av desse kan dermed også vere viktige i tvangsførebygginga. På den andre sida gjer styringsformer som New Public Mangagement at viktige sjukepleieverdiar får trongare kår. Dette kan vere ei utfordring i førebygginga av bruken av tvangsmidlar.

URLhttp://hdl.handle.net/11250/2607570

Pågående prosjekt

For informasjon om pågående prosjekt kan du gå til prosjektoversikten på tvangsforskning.no